mai, 2024

02mai18:00Budeias rike: eit foredrag om kvinner i stølkulturenKvinnemuseet18:00 Kommune:KongsvingerKategori:Kulturopplevelser

Arrangementsdetaljer

På stølane i Norge har kvinnene dominert heilt fram til vår tid. Kva er grunnen til at stølinga er i ferd med å forsvinne? Kva mister vi når kvinnene ikkje lenger får rå i fjellet?
Velkomen til eit spennande foredrag på Kvinnemuseet om ein viktig del av vår felles kulturarv!
I stølsgrendene var det gjerne samla fleire generasjonar kvinner. Frå matmor og døtrer til ugifte tanter og andre slektningar. Stølane var eit arbeidsfellesskap, og det var sosialt givande. Gjennom generasjonar har kvinnene forma den levande tradisjonen med kunnskap og erfaringar.
Kunnskap, slik som dyrestell, mjølkeforedling og bruk av utmarka, blir vidareført gjennom aktiv deltaking. Valdres Natur- og kulturpark skriv at «sjølv om musea har gjenstandar, musikk, bilete og litteratur om stølsdrift, kan ikkje det erstatte kunnskapen som er oppbygd gjennom generasjonar».
Karoline Daugstad er professor i samfunnsgeografi ved NTNU. Ho har i lang tid hatt stølsbruk og stølskultur som eit av sine forskingsområde. Ho har gjort studiar mange stader i Norge, og i Austerrike og Nord-Spania i lag med forskarar frå lokale fagmiljø.
Inngangsbillett: 100 kr. Kjøp billett på nett (kommer snart) eller kjøp i døra før arrangementet.
Dette arrangementet er en del av samfunnsrolleprosjektet «Eit skigardsdele» utmarka i endring der Anno museum er deltakere. Les mer om prosjektet her: https://valdresmusea.no/skigardsdelet-det-gamle-og-det-nye

Mer

Tid

(Torsdag) 18:00

X
X